mandag 14. desember 2015

Bergen i mitt hjarte!

Eg er ikkje ein typisk trønder. Som de kanskje allereie har forstått. Min fyrste bloggpost på nynorsk er dedisert til byen Bergen, som "for evig havar knust mitt unge hjerte". Eg har stått Bergen nær på godt og vondt sidan 2003, det er tolv år. Eg har budd der i nesten ti av dei, og merker no, at eg lengtar tilbake ein smule.

Ikkje på grunn av vêret, ikkje eigentleg fordi byen er så fantastisk vakker i solskin heller, sjølv om det kunne vore grunn nok i seg sjølv til å reisa dit. Eg trur eg kjem til å reisa attende til Bergen berre på grunn av folket der. den delen av folket der eg allereie kjenner, altså. 

No kjenner ikkje eg så mange jamne bergensarar sjølv om eg har budd i Bergen en tredjedel av livet. Der eg har vanka har det stort sett vore fullt opp med studentar. Folk frå alle landets hjørne unntatt indre Telemark og nord i Agder. Det er sikkert ein og anna derfrå i Bergen, men eg har til gode å høyre brei dialekt frå Setesdal på Kvarteret eller Ad fontes. Det er litt synd.

Ikkje for det, Bergensdialekta er sjarmerande ho, men ho får meg ikkje til å smelta av stolen på same vis som dialektar frå andre deler av landet.

Eg har litt tid no til å reflektere over dei siste åra i Bergen, og eg tenkjer å gjera det over nokre poster her. på norsk. Eg kan umogleg førestilla meg at mine vener frå utlandet har interesse av kva eg har opplevd i Bergen over nesten eit tiår. 

Der nord i regnet har eg vore utallege gonger på fylla, spelt utallege kortrundar og tapt alt for mange sjakkspel. Eg har vaia med flagg på Gamle Hansa med BGG, eg har vore med Bataljonen på bortetur i cupen, opplevd at alle Bergensjenter er frekke osv. Heia.. Rosenborg. 

Dette og mykje meir kjem eg tilbake til i framtidige postar her i Mr.S Times. 

Itj fårrå nålles
- Mr. S

PS, om nokon som les dette, gjeve at nokon som helst gjer det, har de eit forslag til ein maskulinisering av "å smelta av stolen"? 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar