torsdag 14. januar 2016

HF revyen, del ein - det eg hugser frå byrjinga.

HF-revyen 2010 - Humoristisk fakultet

Eg vil byrja min refleksjon øve bergenslivet meg ein milepæl som virkeleg starta noko nytt i livet mitt. HF-revyen. Denne historia byrjar på eit allmøte arrangert av studentutvalet på HF, som den gong heit HFSU, trur eg. Det er nokså lenge sidan, så slike detaljer har for lengst rent ut på ei elv av alkohol.

Altså, på allmøtet. Når eg seier "allmøte" så var det andre tider da. me var kanskje 50 mann i Auditorium A på Sydneshaugen skule. berre nokre få år seinare har me full sal og veljar quiz-vertar.

På dette allmøtet vart det kjent at det skulle bli nye tider i HFSU. Det skulle blant anna settast opp ein revy på fakultetet gjennom dei. Og det hadde folk på HF i Bergen aldri gjort før. Fyrste steg var å finna ein leiar. "Vil nokon gjera det?" spurte dei frå kateterplass, til øyredøvande taushet og skeptisk mumling i salen. Ein liten, tynn, spinkel stemme inni meg ropa så høgt han kunne at "Eg vil gjera det!" Etter ein intens indre kamp på liv og død vann den vesle jævelen i meg fram, og handa mi skaut sakte mot taket; "Eg kan gjera det." Eg hadde jo vore med å skriva musikal på folkehøgskulen to år før, så eg hadde jo litt erfaring.

Det kjem me tilbake til om nokre postar.

Etter at eg hadde stilt som kandidat kom det plutseleg ei hand til opp frå salen, - det vart val, og ho vann. Litt skuffa gjekk eg som nestleiar ut av allmøtet, men det skulle ikkje vare lenge. Sjef nr ein trakk seg etter ein lang månad, så da måtte nestleiaren trå til.

Pluss-sida var at eg fekk kontorplass i øvste etasje i Vaktmesterboligen. Vegg i vegg satt Tor Prestegard som skal ha ekstremt mykje av æra og takken for at Ad fontes kom i stand.

Minussida var at eg, som den fyrste sjefen, hadde enorme(!) problem med å finne frivillige. Me hadde ingen fast økonomisjef ei god stund, og PR-sjefen viste seg kanskje berre den eine gongen, da han vart sjef. Me få som var måtte dela på det meste av ansvar og slit. i februar hadde me klart å sope saman 36 medlemmer. Eg trur det var så høgt me kom.
"It was the best of times, It was the worst of times." 
Eller omvendt.
Revyen kom óg til å kosta meg 30 studiepoeng i russisk, men det tok eg att. Berre å byrje på nytt, så går alt fint.

Eg var altså den andre sjefen for HF-revyen, og var eigentleg ferdig med mi oppgåve når me byrja øvinga. Da var det Linnea Reitan Jensen som både fekk og tok kontroll, og aldri såg seg attende.

"DENNE MAILEN SKAL LESES NØYE IGJENNOM!!!!"
                                                              - Mail frå Linnea før premiera


Ho har seinare sagt at utan min vilje til at det skulle verte revy var heilt avgjerande for at det vart noko av. Eg vil seie no, at om ikkje Linnea hadde vore med og hatt kontroll når me var på Kvarteret og i avslutninga, hadde det ikkje blitt noko av da heller.

Eg trur dette er ein god plass å runde av på.

Itj fårrå nålles
- Mr. S

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar